Foto: Jubal Battisti

Berit Einemo Frøysland Petra

Petra er ein solo basert på protagonisten i Rainer Werner Fassbinders ”Die bitteren Tränen der Petra von Kant” (1972). Filmen fortel historia om Petra von Kant, ein suksessfull motedesignar. Då ho forelskar seg i sin yngre protesjé, Karin, forandrar alt seg. Kjærleikssorga driver henne ned i ein avgrunn av desperasjon, alkoholisme og til slutt samanbrot. Koreografien tar utgangspunkt i Petra sine rørsler og den psykologiske reisa ho går i gjennom i filmen, og er eit forsøk i å skape eit danserisk portrett av Petra von Kant. 

Medvirkende:
Berit Einemo Frøysland, Koreograf, Danser
Andreas Harder, Lysdesign
Philipp Rhensius, Musikk, Lyddesign
Belle Santos, Kostymer
Anna Leon, Dramaturgisk veileder



DatoTidStedBilletter
12.08.20211900 Sentralen, Oslo  

Vis tidligere forestillinger
Foto: Jubal Battisti