Silje Onstad Hålien Silje Åleine
- ei forteljing om barndom som mange kan kjenne seg att i

Silje leikar åleine. Ho likar å vere åleine, men ikkje alltid! Ein dag blir ho kjend med Merete Morskogen, den beste venninna du kan ha.
Silje Åleine er ei forteljing om barndom som mange kan kjenne seg att i. Ho er skulejente, men om ettermiddagane leiker ho åleine blant leikestativ i ein barnehage som er stengt. Sjølv om Silje har det fint i si eiga verd, kjenner ho seg etter kvart meir og meir einsam, og ynskjer seg veldig at nokon andre barn vil kome. Og ein dag kjem Merete Morskogen, ei jente ingen andre har møtt eller sett. Silje Åleine er ei framsyning om einsemd, vennskap og fantasiens makt – og om å bli ven med seg sjølv. Ei framsyning der musikk, dans, song, forteljing og skodespel har like stor plass.
Førestellinga er skapt i samarbeid med dramatiker Jesper Halle, og produsert i samarbeid med Riksscenen. Musikalsk ansvarleg er Selma Bolstad, og ljosdesign er ved Sture Moslåtten. Forestellinga er støtta frå Fond for utøvande kunstnarar

Medvirkende:
Silje Onstad Hålien, Koreograf, Danser
Selma Bolstad, Musikalsk ansvarlig
Sture Moslåtten, Lysdesign
Jesper Halle, Dramatiker



DatoTidStedBilletter
04.03.20181300 Riksscenen, OsloKlikk på sted  

Vis tidligere forestillinger